Installer Flash® og skru på Javascript.
Hardanger Paragliderklubb inviterer til NC Akro helga 29.og 30 august 2009.
Arrangementet vert helde i Eidfjord , som ligg innerst i ein fjordtarm av Hardangerfjorden og ved foten av Hardangervidda Nasjonalpark.
Sjølve konkurransen vert avvikla over Eidfjordvatnet (ferskvatn), som ligg i Øvre Eidfjord, med landing på Sæbø Camping. Start ligg på 660 moh og deltakarane vil allereie kort tid etter start kome inn i sikker sone for å begynne øvelsane. Landing ligg heilt nede ved vasskanten på Sæbø camping. Her vil også all anna aktivitet knytt til arrangementet føregå.
Sjå denne linken for eit oversiktsbilete av området.
Det er fleire mogelegheiter for overnatting i Eidfjord. Det nærmaste er på landing, som har både campinghytter og mogelegheiter for telt/vogn.
For meir info/bestilling sjå www.saebocamping.com
Det fins i tillegg fleire hotel i Eidfjord, som td Eidfjord Hotell. Meir info om desse samt andre aktivitetar finn du på www.visiteidfjord.no
Førehandspåmelding gjerast her .
Påmelding kan og gjerast til sekretariatet på hovudlanding fredag kveld mellom kl 1900 og 2100 eller før briefing laurdag morgon.
Påmeldingsavgifta er på 700,- NOK ved førehandspåmelding. Førehandsbetaling er open t.o.m. Fredag 21.08.09 og betalast inn på konto som vert opplyst i eigen epost når du sender elektronisk påmelingsskjema. Merk at påmeldingsavgifta er 900,- NOK ved seinare betaling.
Ved andre spørsmål kan stemneleiar kontaktast på tlf +47 91 52 68 11, eller johannes.helleland@gmail.com
Klubben ynskjer alle deltakarar og tilskodarar hjarteleg velkomne til ei flott helg i Hardanger!!