Installer Flash® og skru på Javascript.

KORT OM HARDANGER PARAGLIDERKLUBB (HPGK)

Hardanger Paragliderklubb vart starta i 1990 som Håradalen Luftsportsklubb i Røldal. Klubben er registrert i Odda kommune, og byta navn til Hardanger Paragliderklubb i 2001. Klubben har hovud-medlemsmassen og det meste av flyaktiviteten i indre og ytre Hardanger, men også ein del medlemmer utanfor Hardanger.

Klubbens føremål er å vera eit samlingspunkt og tilretteleggjar for paragliding. Me held nybyrjarkurs, konkurransar, samlingar og dreg på turar når me har kapasitet til det. Men fyrst og fremst er me ein gjeng flykåte pilotar som ynskjer å fly sikkert isaman med andre. Vil du fly paraglider i området rundt Hardanger må du ikkje nøla med å ta kontakt med oss, for det har aldri vore plassproblem på våre flystader. Du finn medlemsliste med adresser og telefonnummer nedanfor. For spørsmål og henvendelser står styret tilgjengeleg. me har og en SMS-tjeneste for flyvarsling på mobiltelefon, samt eit oppdatert vindvarsel på framsida vår.
Copyright © 2008 Hardanger Paragliderklubb. All rights reserved.